Om Sunnhordland museum

Sunnhordland Museum er regionalt ansvarsmuseum for alle dei åtte kommunane i Sunnhordland (Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes).

Museet er «minnebank» for heile Sunnhordland. Det vil sei at museet dokumenterer regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling. Museet skal fremja interesse for kunnskap om fortida, og stimulera både innbyggarar og besøkande si interesse for regionhistoria.

Museet tilbyr òg fleire rådgivingstenester for innbyggarane i regionen: bygningsvern, samlingsdrift, formidling og bevaring.

Sunnhordland museum forvaltar nær 50 antikvariske bygningar, ei stor gjenstandssamling, samt foto- og privatarkivsamlingar. Museet arbeider med mange historiske fagfelt som strekkjer seg frå mellomalderen på Halsnøy kloster, via den tradisjonelle fiskar- og bondekulturen og tidleg industrialisering ved båtbygging, gruvedrift og hermetikkindustri, fram til dagens moderne skips- og petroleumsindustri.

Sunnhordland museums hovudbygg ligg i Leirvik (ta kontakt). Museet har òg fleire historiske tun, gruvemuseum og Halsnøy kloster.

Sjå dokumentasjon av ulike gjenstandar frå samlinga vår: Sunnhordland museum i DigitalMuseum.