«Det starta med silda» til Bømlo kulturhus

Endeleg kan Sunnhordland museum opne vandreutstillinga «Det starta med silda» i Bømlo Kulturhus!

Utstillinga har stått i Langevåg Bygdatun i 4 månader, og no er det Svortland sin tur til å få sjå den fargerike og innhaldsrike utstillinga om fiskeri og maritimt næringsliv i Sunnhordland. Ein ny-laga bildeserie for TV-skjerm løftar fram det utruleg rike næringslivet her nord knytt til havet, heilt fram til vår tid. Moster og Søra Bømlo har alt fått sin bildeserie. I mai vil bildeserien og gamle filmar frå fiske visast i den vesle kinosalen på Kulturhuset.

Utstillinga er gratis og kan sjåast i Kulturhuset sine opningstider. Ho vil stå til omlag 15. juni.

Bilde frå utstillinga "Det starta med silda"
Skip to content