800 001 – FILMPREMIERE!

Vi er særs glade for å kunne invitera til filmpremiere på Brit Landa sin film 800 001, laurdag 25. September på Halsnøy kloster.

800 001 er ein film skreven og regissert av Brit Landa og handlar om mental helse med fokus på påkjenninga, utfordringane og tapet mange kjende på under nedstenging grunna Covid-19.

Dørene opnar kl.19.00 og det vil vera open enkel kafé inne på kjøkenet under heile arrangementet.
Billettar kan kjøpast her (sjå under) eller ved H.M.Eide´s Matsenter/Joker Eidsvik på Halsnøy.

Det vert visning av film, samt tekst framføring av skodespelar studentane ved folkehøgskulen i regi av Brit Landa. Store deler av klosterområdet vil bli brukt og underhaldninga vert både innadørs og utandørs så kle deg etter veret.

Plakat av kvinne med munnbind
Skip to content