” TOPOHUSK ” ARTIST – IN – RESIDENCE UTSTILLING PÅ HALSNØY KLOSTER

Sunnhordland Museum ynskjer velkomen til årets utstilling i samband med kunstnaropphalda på Halsnøy Kloster. Utstillinga vert opna av Anita Lykkja, kulturkonsulent i Kvinnherad k

” TOPOHUSK ”
ARTIST – IN – RESIDENCE UTSTILLING PÅ HALSNØY KLOSTER
3. – 31. oktober 2021
Klara Sofie Ludvigsen
Utstillingsopning sundag 3. oktober kl 17.00

Grunna pandemien er dette den einaste AiR utstillinga i år, men til gjengjeld er
utstillaren lokal, nemleg Klara Sofie Ludvigsen frå Stord.
Klara Sofie Ludvigsen er utdanna ved Kent Institute of Art and Design i England, med utveksling til
Universitat Politècnica de Catalunya, Barcelona. Ho arbeider med fotografi og alternative teknikkar i
mørkerom, og er interessert i det fysiske aspektet både ved arbeidet og opplevinga av det
fotografiske mediet. I sine nyaste arbeid undersøker ho korleis form kan ta meir plass i det
fotografiske språket, og korleis ho kan finne ei improvisatorisk tilnærming til arbeidet.
Klara Sofie Ludvigsen bur og arbeider i Bergen.

Ho skriv dette om arbeidet sitt:
«Mitt kunstnerskap består av fotografi og fotografi kombinert med andre teknikkar. Eg fotograferer
med 4×5″ storformatkamera og arbeider i mørkerom.
Ein sentral motivasjon for arbeidet mitt er korleis me oppfattar form i det fotografiske språket. Eg
ønskjer å utfordre auga til å fordøye det fotografiske mindre effektivt. Auge og hjerne skal helst ikkje
heilt forstå kva ein ser på, i alle fall ikkje med ein gong.
Det har blitt eit mål for meg å tilføre så mykje improvisasjon i arbeidsprosessen som mogleg. Dette
har ført til at eg har utvikla metodar i mørkerommet der eg fråtar meg sjølv kontroll og lar meg sjølv
verte overraska – noko eg tidlegare har sakna i den fotografiske prosessen.
Ein av dei metodane er at eg vel eit motiv og lagar ti print ut ifrå det. Eg kan lage fleire enn ti, men
ikkje færre. Eg eksperimenterer med ulike teknikkar, og prøver stadig å finne på nye. Eg står gjerne
fast på nr. 4-5, men ved å vete at det skal bli ti så må eg berre fortsette. På denne måten presser
fram resultat som eg ikkje elles ville kome til. I utstillinga her viser eg to seriar som er resultat av
denne metoden. Eg har òg skapt større bilder ut ifrå dette arbeidet. Det kan du sjå i verka «Bladverk»
og «Teltduk». I Bladverk har eg plassert store former (klippa ut i papir med ulik
kvalitet/gjennomlysningsevne) over fotopapiret under eksponering, og eksponert i fleire omgongar.
På den måten hindrer eg lyset, og blandar meg inn i det fotografiske motivet. I «Teltduk» har eg etter
eksponering malt framkallingsveske på papiret, før eg har framkalt det på ordinært vis. Dette tilfører
maleriske strøk.

Dei største verka i utstillinga, «Teststripene», har opprinnelse i at eg ofte tar vare på teststripene
mine frå arbeidet i mørkerommet. Dette er jo egentlig som avfall å rekne. Men eg klarer ikkje kaste
dei, og ender opp med store posar på atelieret. Det er som at det finst noko essensielt der angåande
fotografiets estetiske eigenskapar, og då spesielt det analoge fotografiet. Å ta vekk motivets heilskap,
og berre ha tilgang til ein del, gjer at formspråket får ta all plass. Eg hadde lyst å ta dette vidare ved å
lage digre teststriper, ideelt fleire meter lange, og la desse fungere skulpturelt i utstillingsrommet. Eg
begynte å fotografere landskap slik at det fylte heile flata på 4×5″ filmarket, utan at noko omriss eller
horisontlinje var med. Den største teststripa er 4,5 meter lang, heilt på kanten av kva som er mulig å
gjere for hand i mørkerom.
Tittelen Topohusk refererer til topografisk minne, eller overflateminne. Den har opprinnelse i ein
sterk opplevelse av eit kroppslig minne av ein plass og ei overflate som eg ikkje lenger har tilgong til.
Det meste av det fotografiske materialet i denne utstillinga er skapt på arbeidsoppholdet eg hadde
her på Halsnøy Kloster i oktober 2020. Verka Bein I og Bein II er frå 2018. Her har eg brukt fiskebein
frå Fjelberg som fotografisk negativ.»
Utstillinga vert opna søndag 3. oktober kl 17, og vert hengande til 31. oktober.

Skip to content