Kunstnarpresentasjon #2

Endeleg er begge kunstnarane for A.i.R-periode#2 på plass. Jingyue Zhang ankom Halsnøy kloster seint tysdag kveld. Dei neste to vekene vil ho dela opphald med Marie Mons som ankom for ei veke sidan. Og sidan begge no er på plass er det atter tid for kunstnarpresentasjon i stovene.

Vi inviterer til eit triveleg møte på fredag 8.oktober kl 18.15. Her kan du bli kjend med arbeida deira og kanskje kva dei tenkjer nytta tida til her på Halsnøy.  Presentasjonen er gratis og er ope for alle interesserte. Enkel kafé på kjøkenet, slik at du kan få deg ein kaffetår til drøsen i etterkant. Håper å sjå deg?

Meir om Marie Mons

Meir om Jingyue Zhang

Skip to content