Ledig 20% stilling som publikumsansvarleg på Sæbøtunet, Etne

Vil du jobba på Sunnhordland museum? Trivest du godt med å møta folk og formidla vår lokale historie? Som publikumsansvarleg på Sæbøtunet vil du ha det faglege og operative ansvaret for å utvikla, planlegga, budsjettera, gjennomføra og evaluera publikumstilbodet på staden.

Som publikumsansvarleg på Sæbøtunet vert du del av Sunnhordland museum si faggruppe for formidlingsaktivitetar som vert leia av museet sin formidlingsleiar.

Aktuelle arbeidsoppgåver vil vere:

  • Planleggja, programmera kulturtilbod og gjennomføra formidlings og undervisningstilbod til ulike målgrupper, i tråd med gjeldande planar, og i samråd med museet sin faglege leiar for formidling.
  • Bidra i museet sitt arbeid med marknadsføring og formidling på digitale flater.
  • Legge til rette for og følgje opp samarbeid med frivillig sektor
  • Ansvar for publikumskontakt, vaktlister og midlertidig tilsette vakter i sommarsesongen
  • Sunnhordland musum har lokalitetar i fleire kommunar i Sunnhordland og det må påreknast oppgåver knytt til andre lokalitetar – i dette tilfellet Nerheimstunet i Ølen.

Kvalifikasjonar:

  • Mastergrad i museumsrelevante fag, herunder også pedagogisk utdanning – praktisk erfaring og røynsle kan kompensera for utdanningskravet
  • Erfaring frå arbeid på museum og med publikum
  • Erfaring frå formidlingsarbeid
  • Gode IT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du brenn for historieformidling og har særskilde kvalitetar innan formidling.
  • Gjer deg nytte av fagleg ekspertise på ditt fagfelt og deltek i fagleg utviklingsarbeid
  • Handlar på eige initiativ, får ting til å skje og tek ansvar for resultat
  • Er omgjengeleg og har gode samarbeidsevner og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Deler av dine kunnskapar og erfaringar for å nå felles mål
  • Arbeidar metodisk og systematisk
  • Gjer klare prioriteringar og gode ressursfordelingar

Vi tilbyr:

  • Interessant og variert stilling i eit spennande utadretta og tverrfagleg miljø
  • Moglegheit for å delta på relevante kurs
  • Varierte oppgåver med stor friheit
  • Flexitid
  • Lønn etter avtale i stillingskode 1434/1364 basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning

Generell informasjon:

Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn

Stillingsstorleik: 20%

Arbeidsstad: Sæbøtunet / Kontorstad etter avtale

Det må påreknast ein del reising, kvelds og helgearbeid.

Nærare opplysningar får du ved å vende deg til Direktør Linda Øen tlf: 97067136

Søknadsfrist 06. februar – 2021, Søknad kan sendast: post@sunnhordland.museum.no

Skip to content