Ledig stilling som publikumsansvarleg på Sunnhordlandstunet

Vil du jobba på Sunnhordland museum? Trivest du godt med å møta folk og formidla vår lokale historie? Som publikumsansvarleg på Sunnhordlandstunet vil du ha det faglege og operative ansvaret for å utvikla, planlegga, budsjettera, gjennomføra og evaluera publikumstilbodet på staden.

Som publikumsansvarleg på Sunnhordlandstunet vert du del av Sunnhordland museum si faggruppe for formidlingsaktivitetar som vert leia av museet sin formidlingsleiar.

Aktuelle arbeidsoppgåver vil vere:

  • Planleggja, programmera kulturtilbod og gjennomføra formidlings-og undervisningstilbod til ulike målgrupper, i tråd med gjeldande planar, og i samråd med museet sin faglege leiar for formidling.
  • Bidra i museet sitt arbeid med marknadsføring og formidling på digitale flater.
  • Bidra i arbeidet med å planlegga og utarbeida utstillingar
  • Bidra i arbeidet med å utarbeida og følgje opp planverk og dokumentasjon
  • Legge til rette for og følgje opp samarbeid med frivillig sektor
  • Ansvar for publikumskontakt, vaktlister og midlertidig tilsette vakter
  • Til stillinga ligg også ansvar for butikk og resepsjon.

Kvalifikasjonar:

  • Mastergrad i museumsrelevante fag, herunder også pedagogisk utdanning – praktisk erfaring og røynsle kan kompensera for utdanningskravet
  • Erfaring frå arbeid på museum og med publikum
  • Erfaring med planarbeid 
  • Erfaring frå formidlingsarbeid og utstilling
  • Gode IT-kunnskapar
  • Personlege eigenskapar
  • Du brenn for historieformidling og har særskilde kvalitetar innan formidling.
  • Gjer deg nytte av fagleg ekspertise på ditt fagfelt og deltek i fagleg utviklingsarbeid
  • Handlar på eige initiativ, får ting til å skje og tek ansvar for resultat
  • Er omgjengeleg og har gode samarbeidsevner og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Deler av dine kunnskapar og erfaringar for å nå felles mål
  • Arbeidar metodisk og systematisk
  • Gjer klare prioriteringar og gode ressursfordelingar

Vi tilbyr:

  • Interesseant og variert stilling i eit spennande utadretta og tverrfagleg miljø
  • Moglegheit for å delta på relevante kurs
  • Varierte oppgåver med stor frihet
  • Flexitid
  • Lønn etter avtale i stillingskode 1434/1364 basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning

Generell informasjon:

Stillingsstorleik: 100% fast

Arbeidsstad: Sunnhordlandstunet. Det må påreknast ein del kvelds og helgearbeid.

Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn

Nærare opplysningar får du ved å vende deg til Direktør Linda Øen tlf: 97067136

Søknad kan sendast til post@sunnhordland.museum.no, søknadsfrist: 06. februar

Skip to content