Ledig vikariat som museumsmedarbeidar på Halsnøy kloster

Vil du jobba på Sunnhordland museum? Trivest du godt med å møta folk og formidla vår lokale historie? Sunnhordland museum har ledig vikariat som museumsmedarbeidar i 50% stilling ved Halsnøy kloster.

Aktuelle arbeidsoppgåver vil vere:

Bistå dagleg leiar i den daglege drifta av Halsnøy kloster med oppgåver som:

  • Publikumsmottak og guiding
  • Enkel kafédrift
  • Planlegging og gjennomføring av arrangement
  • Merkantilt arbeid

Kvalifikasjonar:

  • Vi søkjer deg som er fleksibel, initativrik, sjølvstendig, positiv og imøtekommande.
  • Utdanning innan museumsrelevante fag og/eller erfaring vil vera ein styrke.

Generell informasjon:

Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn

Vikariat, Stillingsstorleik: 50%, Vikariatet si lengde vil vere 6 mnd. Det kan verta aktuelt med forlenging. Lønn etter avtale basert på landsovereinskomsten for museum (Virke).

Arbeidsstad: Halsnøy kloster

Det må påreknast ein del kvelds og helgearbeid.

Nærare opplysningar får du ved å vende deg til Dagleg leiar på Halsnøy kloster, Hélen Petersen tlf: 481 30 020 eller Direktør Linda Øen tlf: 97067136

Søknadsfrist 15. juli 2022, Søknad kan sendast: post@sunnhordland.museum.no

Skip to content