Sommar på museet for store og små! Ny-opning av eldhuset.

Ta med familien til Sunnhordlandstunet og besøk det ny-innreidde eldhuset frå 1500-talet! Her kan du vere med på spennande oppgåver i vårt nye "mini-escape", og låne kostyme slik at heile familien kan gå tilbake i tid.
Jentene i eldhuset

Museumsvertane våre, Moril, Astrid og Bjørg-Sofie, spelar også figurteater i Stolmastova om skarvane på Utrøst kvar open dag kl 13.00. Kl 12.00 og 14.00 har dei omvising i tuna. 

Følg også med på nettsida vår,  for snart opnar det flotte Escape-rommet vårt,  «…dømmes til Baal og Brand»,  der må du tinge time. Tema er henta frå trolldomsprosessane i Sunnhordland kring 1650. Ein mørk periode i historia…

Kafeen er open frå kl 11.00 til 16.00. Der går bildespelet «Stord for 100 år sidan», med Kannelønning-bilde. Både i kafeen og i utstillinga «Det starta med silda» er det aktivitetar for barn.

I tekstilen stiller Britt K. Rage ut ca 25 små dokker med folkedrakter, sydde etter Tiedemann sine teikningar frå ca 1840. 

Utstillinga om tyskerjentene står framleis: «Forelska og forakta». 

Barn opp til 10 år gratis.

Vaksne 90,-

Senior 60,-

Grupper over 15 pers:  70,- pr pers.

Velkomne!

Skip to content