Ledig stilling som Rådgjevar bygningsvern – Ny søknadsfrist

NB: Ny søknadsfrist

Vår rådgjevar innanfor bygningsvern skal gå av med pensjon og vi leitar no etter hans erstattar.  Vi ser etter deg som vil trivast i eit spennande og utviklande fagmiljø, og som brenn for å ta vare på kulturhistoria i Sunnhordland.  

Viktige oppgåver vil vera å gje rådgjevingstenester til eigarar og forvaltarar av eldre og verneverdige bygningar i Sunnhordlandsregionen, samarbeida med forvaltninga i Sunnhordlandskommunane og andre aktørar, formidlingsoppgåver knytt til bygningsvern og ha det overordna faglege ansvaret for museet sine verneverdige bygningar.  

Sentrale arbeidsoppgåver:  

  • Gje fyrstegongs rådgjeving til eigarar og forvaltarar av eldre og verneverdige bygg i Sunnhordlandsregionen 
  • Utarbeida kulturminnefaglege fråsegner 
  • Gje råd og rettleiing om lokale, regionale og nasjonale tilskotsordningar 
  • Formidla kunnskap om bygningsvern gjennom kurs, temamøter og media 
  • Bidra til god kvalitet på museet si forvaltning av bygg og anlegg 
  • Overordna fagleg ansvar for tilstandsvurdering, planarbeid og dokumentasjon av museet sine bygg. 
  • Delta i nettverksarbeid 
  • Bidra i den daglege forvaltninga/vedlikehaldet av museet sine bygg ved behov 

Utdanning og kompetanse: 

  • Relevant utdanning innan bygningsvernrelaterte fag på høgskule eller universitetsnivå 
  • Erfaring og kompetanse innan fagfeltet 
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne 
  • Erfaring med rådgjeving og arrangementsorganisering 
  • Erfaring med prosjektleiing og økonomistyring 
  • Erfaring frå kulturmiljøforvaltning , kulturminnevern eller museum 
  • Kjennskap til relevante lovar og regelverk innan bygningsvern og byggeprosjekt 
  • Erfaring med tilstandsvurdering, dokumentasjon, finansiering og søknadsskriving 
  • Kunnskap om arkitektur og byggeskikk 
  • Søkjar må minimum ha førarkort klasse B 

Kvalifikasjonar 

Vi ser etter deg som er positiv, initiativrik og engasjert. Du brenn for faget og evnar og arbeida effektivt med fagleg høg kvalitet, både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.  Fleire fagbakgrunnar kan vere relevante for stillinga, og vi kjem derfor til å sjå på kva søkjar ut frå ei heilskapleg vurdering av erfaring, kompetanse og personlege eigenskapar.  

Vi tilbyr 

  • Interessant og variert stilling i eit spennande tverrfagleg miljø 
  • Moglegheit for å delta på relevante kurs 
  • Varierte oppgåver med stor friheit til å legga opp eigne arbeidsdagar 
  • Fleksibel arbeidstidsordning 
  • Mobiltelefonordning 
  • Lønn etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke).  
  • God pensjonsordning 

Tiltreding: Etter avtale 

Søknaden skal inneholde søknadsbrev, CV og eventuelle andre vedlegg. 

Søknadsfrist: 12.juni, til linda.oen@sunnhordland.museum.no 

For spørsmål kan ein ta kontakt med direktør Linda Øen: 97067136 

Bildekollage med hus og aktivitet ved Sunnhordland museum
Skip to content