Forteljarframføring med Johanne Øvstebø Tvedten
22. februar 2020 –
Laurdag 22. februar vert det forteljarframføring med Johanne Øvstebø Tvedten på KRÅKO kafé kl 19.00.
«NO VEKS DER BERRE BLOMAR OG GRAS»
Johanne Øvstebø Tvedten framfører forteljingar frå Karin Marie Korsvik sitt liv. Om lengten etter mor og far, og om eit tyskerbarn sin oppvekst på Fitjar like etter krigen.
«Det var stjerneklart og kaldt. Det var januar 1945, og eg sat på bussen ilag med mormor. Ho hadde kledd meg i tjukke klede, for veslejenta måtte ikkje fryse. Resten av kleda mine hadde ho pakka i ein liten koffert. I februar ville eg fylle tre år, det gledde eg meg til. Bussen stoppa, og mormor heldt meg godt i handa. Her ved skiltet til Kåløyholmen skulle me av…»
Slik startar artikkelen om Karin Marie Korsvik sitt liv i Sunnhordland Årok frå 2017. Tittelen var «Lengten etter mor, lengten etter far», og var skriven av Johanne Øvstebø Tvedten, formidlingsleiar ved Sunnhordland museum. Boka inneheld forteljingane til fire personar i Sunnhordland som miste mor eller far tidleg, eller ikkje fekk vere ilag med dei så mykje dei ynskte. Ei av forteljarstemmene tilhøyrde Karin Marie, fødd i 1942. Mor hennar var berre 17 år i 1941 då ho blei kjend med den vakre og høflege tyske soldaten i Bergen, og året etter blei Karin Marie fødd. Det skulle bli ein vanskeleg barndom med mykje lengting for den vesle lyshåra jenta, for krigen endra alle planar som foreldra hennar hadde lagt. Likevel kan livet snu, og føra med seg både overraskingar og gode, lyse dagar. Og no veks der berre blomar og gras på gravplassen der far hennar blei lagt…