Gruvemuseet på Litlabø
Frå 1865 til 1968 blei det vunne ut kis i gruvene på Litlabø på Stord. Her står framleis heistårnet, maskinhallen, ei smie og ein restaurert arbeidarbustad.
Eit aktivt venelag syt for togturar inn i gruvegangane og vandringar i lokalmiljøet kring gruva. Har du lyst til å vita meir om venelaget sin aktivitet, sjå nettsida deira: www.gruo.no.
I smia har Sunnhordland Museum laga ei fotoutstilling og eit museum over gruvedrifta, og ein ny applikasjon for telefonar er under utarbeiding.
Her kan du høyr radioprogram om gruvedrifta i 1939: NRK, sommaren 1939.
Ta kontakt med museet for omvisingar og/eller leige av lokale.