Sunnhordlandstunet

Sunnhordlandstunet ligg på Stord. Her finn du museet sitt hovudbygg med utstillingslokale, bibliotek og magasin med samlingar. I tillegg til eit flott museumstun.

Sunnhordlandstunet var opphavleg tenkt som eit stort og sentralt bygdetun med dei eldste og finaste bygningane i distriktet, men museet gjekk alt i mellomkrigstida bort frå denne tanken, og ville heller verna tun og bygningar i deira opphavlege miljø. Difor er det 10 hus i tunet i dag, medan museet har meir enn 30 bygningar andre stader i regionen.

På museumstunet i den flotte Vidsteensparken står det også ei røykstove truleg, frå 1500-talet og ei glas- og lemstove frå 1650. I tillegg er smie, stabbur, eldhus og løe flytta til tunet frå andre stader i Sunnhordland. For nokre år sidan blei huset til ein strandsitjar i Leirvik sett opp og restaurert, med interiør frå ca. 1900. Frå Mehammar på Stord har det blitt henta ei krambu med fullt vareutval frå ca. 1945. Krambua har også fungert som telegraf- og postsentral. Skulestova på tunet var ei av dei første i Sunnhordland, bygd i 1860.

Rett i nærleiken ligg også Møllebua ved Stord kyrkje. Her er det sjøbu nede, med stover og kammers oppe, alt innreidd som i 1930. Her er det også fotoutstilling av skipsbygginga på Frugardsberget kring 1900, og av mølledrifta ved Frugardsbrua.

Utstillingar på tunet

Kva skjer på tunet?

No event found!
Opningstider

Opningstider 2024:

tysdag – fredag kl. 11.00 – 15.00

Helligdagar stengd.

Sommarope:

18. juni – 18. august:

tysdag – sundag kl. 11.00 – 16.00

 

Escaperoomet har ledige tider på førespurnad, ta kontakt på mail eller telefon.

Finn vegen

Finn vegen til tunet!

Omvisning

Sommarsesong medio juni – medio august: Daglege omvisningar i tunet.

Utanfor sesong – gruppebestilling etter avtale til post@sunnhordland.museum.no

Pris
Vaksen kr. 100,- Born 10-16 år kr. 40,- Born under 10 år – gratis. Honør/student kr. 75,- Gruppebillett over 15 pers. kr. 75,-. I sesong tilbys omvisning i ordinær inngangsbillett. Utanom sesong kan omvisning tingast/tilbys for eit tillegg på kr. 15 pr. pers.

Aktuelt frå

Sunnhordlandstunet

I slutten av september 2023 vart det halde seminar om skriftkulturen på Halsnøy kloster. Føremålet med seminaret var å bringe fram ny kunnskap om skriftmiljøet ved Halsnøy kloster og dei konkrete materielle kjeldene som kan knytast til klosteret.
Skip to content