Undervisningstilbod om næringslivet på Stord 1900-1960 er no tilgjengeleg på nett!

Museet kan ikkje ta imot klassar for vanleg undervisning, og difor har undervisningsleiar laga nettbasert formidling. De finn m.a. seks bildeseriar med enkel tekst om arbeidslivet på Stord i åra 1900-1960, tenkt for 6.-9. klassesteg. Her kan elevane laga quiz til kvarandre, studere yrkeskategoriar og handverk før i tida, og lese om kva oldeforeldra deira dreiv med på 1950-talet. Mykje av bildematerialet er henta frå fotosamlinga etter S. Kannelønning, men også andre bidreg med bilde. Tekstane er gjennomlesne av tidlegare konservator Tore Lande Moe.

 

Desse bildeseriane er tilgjengelege:

Del 1: BØNDER OG FISKARAR

Del 2: LEIRVIK BLIR EIT SENTRUM

Del 3: BÅT OG SKIPSBYGGING

Del 4: ALLSIDIG NÆRINGSLIV OG HANDVERK

Del 5: STORINDUSTRI PÅ STORD

Del 6: KVINNEYRKER

Snart legg vi også ut ei digital omvising i den fargerike utstillinga «Det starta med silda», om fiskeri og  maritimt næringsliv i Sunnhordland Sjå også andre filmar som ligg ute om fiskeri og maritimt næringsliv.

 

Sunnhordland museum har ei rekkje undervisingstilbod, tilpassa ulike aldersgrupper. Under finn du dei ulike undervisingstilboda våre, ta gjerne kontakt for meir informasjon:

Kontaktperson: Formidlingsleiar Johanne Øvstebø Tvedten.

Bygningsvernkonsulent Bjørn Arve Lunde gir også omvisingar og førelesingar i stilhistorie og bygningshistorie, tilpassa ulike nivå.