Sunnhordland Museum er regionalt ansvarsmuseum for alle dei åtte kommunane i Sunnhordland. Museet tilbyr fleire tenester og tilbod for innbyggarane: formidling, undervising, dokumentasjon, rådgiving, historiske tun og anlegg. Museet har hovudkontor i Leirvik på Stord.
Sunnhordland museum søkjer etter ny direktør frå 1. august 2018
Arbeidsoppgåver:
– Øvste leiar for Sunnhordland museum
– Vidareutvikla organisasjonen i tråd med den nasjonale museumspolitikken
– Vidareutvikla samfunnsrolla til museet
– Leia strategiarbeid og budsjettprosessar
– Førebu saker for styret og setja styrevedtak ut i livet
– Økonomi- og personalansvar
– Representasjons- og kommunikasjonsansvar
– Ha god dialog med offentlege styresmakter og andre samarbeidspartnarar
Ønska kvalifikasjonar:
– Høgare utdanning innan museumsrelevante fag
– Strukturert, målretta og resultatorientert
– Leiarkompetanse
– Evne til å bygga relasjonar og skapa eit inkluderande arbeidsmiljø
– Erfaring frå økonomistyring og prosjektarbeid
– God evne til skriftlege framstillingar på nynorsk
Me tilbyr:
– Ei interessant stilling med store moglegheiter for personleg utvikling
– Eit inspirerande arbeidsmiljø med eit entusiastisk og fagleg dyktig personale
– Løn etter avtale og pensjonsordning i KLP. Sunnhordland museum føl Landsovereinkomsta for museum og andre kulturinstitusjonar.
Skriftleg søknad med CV kan sendast på e-post innan 25. mai 2018 til styreleiar Signe Ekeland: signe.ekeland@gmail.com
Referansar og dokumentasjon skal takast med til ein eventuell samtale. Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å ringja styreleiar Signe Ekeland, telefon 905 71 380.