Andre grupper

Ønsker du formidling eller føredrag til andre grupper?

Under har me lista opp tilbodet vårt, formidlingsaktivitetar kan også kombinerast med leige av lokale hos oss.

  • Byvandring: Ei historisk vandring gjennom Leirvik sentrum, og formidling av byen si utvikling med embetsgardar, båtbygging, industriverksemd og handel.
  • Presten og futen og andre småfolk: Eit kåseri med fakta og folkeeventyr om presten og futen si stilling i samfunnet i tida mellom 1600 og 1900.
  • Per i Dosi: Forteljeframføring. Byggjer på Jens Tvedt sine to romanar om odelsguten Per.
  • Djup jord: Forteljarteater med folkesongar, basert på Jens Tvedt sin roman om prestedottera frå Stord som forelska seg i ein gardsdreng.
  • Madli und´Apalen: Forteljeframføring, byggjer på Jens Tvedt sine to romanar om den staute husmannsjenta Madli som gifte seg med gamlingen og stratten Sjur und’ apalen.
  • Eeit kongsliv: Forteljeframføring, basert på Johannes Heggland si bok «Den unge kongen». Om kong Magnus, Erling Skakke og Kristin kongsdotter i Etne.
  • Anna Gyria: Forteljeframføring. Byggjer på Johannes Heggland sin romanserie om kystkvinna Anna Gyria, ca 1845-75.
  • Han Sivert: Om barndommen til Sivert Sivertsen, byggjer på hans artiklar i Sunnhordland Årbok.
  • Jordmor på liv og død: Kåseri om tradisjonar knytt til fødsel, ca 1790, og om presten Eric Olsen sitt ynskje om å starta jordmorutdanning på Stord. Framveksten av jordmoryrket, og haldningane blant folk den fyrste tida.
  • Heim: Forteljeframføring. Byggjer på Sønneva Føyen sine forteljingar frå oppveksten på Spissøy og på Hiskjo.
  • Kvelden før islandsfisket: Minne frå 1950-talet, med song og dans og fortlejingar.
  • Frå den gamle lesevoka: Songar og forteljingar frå Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen sine lesebøker. Samarbeid med Anne Loe og Fred Ola Bjørnstad (song og musikk).

Kontaktperson: Formidlingsleiar Johanne Øvstebø Tvedten.

Relatert innhald

Skip to content