Tilbod for barnehagane
- Segner i Sunnhordland: Gjennom forteljing og spontandramatisering, får borna ta del i lokale segn om risar, tussar og huldrefolk. Dei får vere med i forteljinga gjennom leik og dans, og kome inn i dei eldste husa på tunet.
- Ein dag for 100 år sidan: Borna tek del i gjeremål på ein liten gard frå morgon til kveld. Dei må laga graut, gå på skulen, og handla til bestemor på krambua på vegen heim. Som takk for hjelpa fortel ho dei eventyr i den vesle røykstova si.
- Eventyrstund: Borna får høyre eit knippe folkeeventyr frå Asbjørnsen og Moe si samling.
- Alf Prøysen Borna får vere med og leike forteljingar og songar av Alf Prøysen, som t.d. «Blåbærturen»; forteljinga om dei to søskena som skulle til krambua og kjøpe mandlar, og forteljinga om teskeikjerringa på krambua.
- Samiske segner og eventyr: I høve Samane sin dag 6. februar kan vi tilby ei forteljeframsyning med figurteater og leik, som byggjer på fleire samiske segn og eventyr.
- Havormen og Askeladden: Eit eventyr frå Orknøyane er gjort om til figurteater, om havmonsteret som ville øydeleggje heile landet. Askeladden brukte både mot og kløkt for å ta knekken på havormen.
Kontaktperson: Formidlingsleiar Johanne Øvstebø Tvedten.