Mellomsteget

Scene frå skodespel

Undervising for mellomsteget:

  • Små kår, store draumar: Tema er dei storeomveltingane i arbeidslivet kring 1870 og frametter. Elevane får utdelt rollekort i fem-seks ulike grupper, og lagar deretter korte skodespel som dei syner for kvarandre. Scenene er ulike stover og uteplassar, og elevane får utdelt enkle kostymer. Rollekorta er tilpassa einskilde bygder si lokalhistorie.
  • Gruvearbeidaren: Litlabø gruver. Forteljingar frå gruvelivet på Litlabø. Omvising i museet og i arbeiderbustaden og aktivitetsopplegg knytt til prosessen i kisprosduksjonen.
  • Ei ny tru, eit nytt levevis: Om overgangen frå heidendom til kristendom, med vekt på myter og segn og dramatiseringar. Formidla gjennom forteljingar, konkretiseringar, dramaoppgåver og «leikar».
  • Pilegrimsreise: På Halsnøy kloster. Elevane går i rolle som pilegrimar. Elevane får vere med på ei forenkla, katolsk messe med latinske bøner og liturgi.
  • Den store mannedauden: Eit dramaforløp om svartedauden, smittevegane, og konsekvensane dei store dødstala fekk for familiar og samfunn.
  • Bronsesverdet: I Hystadmarka. Eit opplegg om bronsealder. Omvising og forteljing, rolleleik.
  • «Det seiest…»: Lokale segn som utgangspunkt for forteljeøkt, og for elevdramatiseringar i grupper etterpå.
  • «Eg byggjer meg ein båt»:  Eit undervisningsopplegg om færingen for 6. og 7. klassesteget. Støtta av Forum for Oppvekst i Sunnhordland, FOS. Av og med undervisningsleiar Johanne Øvstebø Tvedten og bygningsvernkonsulent Bjørn Arve Lunde. Formidling av den lokale kystkulturen og båtbyggjartradisjonen gjennom skodespel, song og forteljing, samt tre praktiske arbeidsstasjonar.

Kontaktperson: Formidlingsleiar Johanne Øvstebø Tvedten.

Scene frå skodespel

Relatert innhald

Skip to content