Undervising for småskulesteget:
- Dei foreldrelause borna: Borna er i rolle som ein foreldrelaus syskenflokk, og må greie seg åleine på garden. Prestefrua vil splitta søskenflokken og adoptere dei bort. Borna må bevise at dei greier seg sjølve.
- Jul i gamle dagar: Eit formidlingsopplegg for 2. klasse om gamle juletradisjonar. Borna får ta del arbeidsoppgåver som baking, vasking og vedhogst. Og viktigast av alt: Nissen må få grauten sin!
- Kom og høyr! Forteljestund i stova i Møllebuo eller andre stader, med segn og eventyr, folkeforteljingar eller litterære forteljingar frå barnebøker frå kring 1900. Fotoutstilling om skipsbygging på Frugardsberget.
- Liten for lenge sidan: Forteljeframføring i Futastova om korleis det var å vera born for vel 100 år sidan. Inkluderer ”Øyvind og bukken”, ”Sidsel Sidserk”, folkeeventyr, samt nokre folketonar. Nokre av borna vert med i dramatiseringa.
- Segner frå Sunnhordland: Forteljing og rolleleik knytt til lokale segner. Både ute og inne.
- Steinalder: Stasjonsarbeid på Sunnhordlandstunet: Skyting med pil og boge på blink, knakking på rhyolitt og skjering i skinn, lage perlekjede i leire og skjel, kokegrop og baking av fisk, etc. To klasser om gongen, helst om våren.
Kontaktperson: Formidlingsleiar Johanne Øvstebø Tvedten.