Ungdomsskulesteget

Mann og dame utkledd i 1900-tals kostymer

Undervising for ungdomsskuleelevar:

  • «Kroppen skal læge sig selv!» Om naturlege Ole Olvik som etablerte Stord sjukehus. T-I-U (teater-i-undervisninga) med skodespel, forteljing, elevdeltaking i drama, aktivitetar, mat, m.m.
  • «Takk og lov for vaskemaskina!» Om 50-talet og alle nyvinningane som endra kvinna sitt arbeid, om samfunnsutvikling, nøysemd og deltaking i samfunnet.
  • Sjukdom og lækjedom frå 1700-talet til i dag: Om sjukdomsforståing, folkemedisin og overtru på 1700-talet, til dei store oppdagingane av mikroorganismar, vaksiner og medisinar på 18-1900-talet. Fortlejing, skodespel og dramatiseringar.
  • Frelse og folkeopplysing: Eit Teater-I-Undervisninga (TIU) -spel om Hans Nielsen Hauge si folkerørsle og forkynning, om næringsverksemda og reisene, og om motstand og domfelling. Elevane er aktive via rollekort og song.
  • Andre verdskrigen: Lokale krigshendingar vert levande gjenfortalte, og elevane lagar små tablå frå motstandsarbeid. Ei utstilling syner gjenstandar frå krigen og kvardagslivet, og elevane får studere matoppskrifter frå krigen.
  • Næringslivet for 100 år sidan: Eit samarbeidsprosjekt mellom ungdomsskulen og museet om endringane som gjekk føre seg i arbeidslivet på Stord frå ca 1900 og framover.

Kontaktperson: Formidlingsleiar Johanne Øvstebø Tvedten.

Mann og dame utkledd i 1900-tals kostymer

Relatert innhald

Skip to content