Undervising for elevar frå vidaregåande skule:
- Den vanskelege historia: Valen psykiatriske sjukehus si 100-årige historie, gjennom teater, dans, forteljing og utstilling (i Valen sjukehus sitt eige museum) eller bildespel (turnè-varianten). Knytt til Helse Fonna sitt informasjonsprogram om psykisk helse, VIP. Byggjer på Sjur Tjelmeland si bok «Det trygge huset».
- Noregs historie: Gjennom fakta, folkeeventyr og segn, vandrar me gjennom dei ulike husa på Sunnhordlandstunet. Noregshistoria vert skildra frå 1400-talet og til sjølvstende i 1905 gjennom munnleg forteljarkunst. Dette opplegget kan også gjennomførast på engelsk for framandspråklege studentar.
- Tre fru Juul – tre hundreår: Ei scenisk framføring av tre tekstar knytt til tre ulike fru Juul ved Halsnøy Kloster. Musikkinnslag imellom tekstane.
- Frå Blod-Tor´n til Helse Fonna: Lokal sosial- og helsehistorie.
- Byvandring: Ei historisk vandring gjennom Leirvik sentrum, og formidling av byen si utvikling med embetsgardar, båtbygging, industriverksemd og handel.
- Dei fattige i møte med øvrigheita: Forteljeprogram om legdesystemet, dom og straff, prest og fut. Kombinasjon av fakta og forteljingar.
- Pest og plager: Om levevilkår, stell av barn, smitte, sjukdom og helsestell på 1800-talet. Kombinasjon av forteljingar, fakta, skodespel og omvising.
- Frå heidendom til kristendom: Forteljeprogram om norrøn tru og overgangen til nye tankar og skikkar.
- Stein på stein: Forteljeforestilling om riksbygginga på 1100-talet, erkebiskop Øystein og hans draum om ein sterk allianse mellom stat og kyrkje.
- Eit kongsliv: Forteljeforestilling om kong Magnus og Erling Skakke i Etne. Frå Johannes Heggland sine bøker.
- Per i Dosi: Forteljeforestilling om det gamle bondesamfunnet, kvinneroller, odels-ordninga og kjærleiken sine kår kring 1890 i Sunnhordland. Byggjer på Jens Tvedt sine romanar om figuren Per.
- Djup jord: Forteljeforestilling bygd på Jens Tvedt sin roman med same namn. Om moralske normer på 1830-talet, sosial kontroll og begrensing av kvinner sitt kjærleiksliv.
- Byggeskikk: Bygningsvernkonsulenten syner bilete og fortel om den historiske utviklinga av byggeskikk i Sunnhordland, og tek elevane med på omvising på Sunnhordlandstunet.
- Litlabø gruver: I samarbeid med Venelaget for Gruo. Omvising på gruveområdet, tur inn i gruvegangane, eit stopp i Gruvemuseet og omvising i den restaurerte gruvearbeidarbustaden. Ein kort fottur tek oss også til synkehol ute i terrenget.
Kontaktperson: Formidlingsleiar Johanne Øvstebø Tvedten.