Skal du vera heime i vinterferien?
Ta gjerne med familien på kjekke aktivitetar på Sunnhordlandstunet.
Vi inviterar til kjekke aktivitetar for heile familien på Sunnhordlandstunet i vinterferien.
Kva kan du gjere på museet i ferien?
Ta med deg familien i utstillingane
Bygg deg ei tønne, legg brisling i boks, kjenn lukta av sildemjøl og sildeolje eller sjå kor mange fisk du kan få i den flotte utstillinga «Det starta med silda».
Bygg vårt nye puslespel om fornalderfunn i Sunnhordland. Eit spennande arkeologisk puslespel for store og små. Plasser det flotte gjenstandane på rett stad på kartet.
Det vert skattejakt ute for dei minste borna, og quiss i utstillingane for heile familien. Alle born som deltek får premie.
Bygg din eigen båt. Vi set opp arbeidsplass og du kan bygga din eigen båt. Du må ha med deg ein vaksen – materialkostnader tilkjem.
Pris: Gratis for born i følge med vaksne
Vaksne betalar vanleg inngangsbillett.
Kafeen er open med sal av vafflar, is, kaffi og anna godt.
Museet overheld reglar for smittevern og oppmodar folk om å nytta heile opningstida.