Escape Room på Sunnhordlandstunet!

Med historia om den siste heksebrenninga i Sunnhordland som bakteppe har me utvikla eit eige escaperoom her på Sunnhordlandstunet. Saman med venner løyser du kodar og gåter slik at de kan redde «Margaret Larsdotter» frå å bli dømd som heks. De vert lukka inne i eit eige rom. Tida renn og adrenalinet kokar. Klarer de å samla dei vitnemåla som skal til for å frikjenna Margaret, og få levert dei i tide?

Rommet høver for 3-6 personar. Anbefalt for 16 år og oppover, eventuelt familiar med born frå 10 år.

Ein tur i escaperommet passar og godt som aktivitet for bedriftsgrupper i arbeid med teambuilding.

Pris: 295 kr pr. person.

Kontakt oss for aktuelle tidspunkt for speletider eller om du ønskjer å kjøpe eit gåvekort; post@sunnhordland.museum.no

Skip to content