Venelaget for Halsnøy Kloster

Bilete av Halsnøy Kloster

I 1986 kom ei gruppe eldsjeler saman, med museet, ved dåverande direktør Tore Lande Moe, og distriktslækjar Odd Jarl Kvamme i spissen, med det mål for auga å løfta kulturminnet Halsnøy kloster opp i dagen. Dei skipa Venelaget for Halsnøy kloster, som skulle arbeida for større aktivitet på staden i form av kulturelle tilskipingar. For å nå dette målet var venelaget særleg oppteken av at herregardshuset burde setjast i betre stand. I stiftingsprotokollen heiter det: ”…konkrete gjeremål for laget kan t.d. vera dugnader…, men òg å hjelpa til med å finna finansieringsmåtar til restaurering av hovudbygningen, og å gjera klostereigedomen betre kjend utover”. Vidare står det: ”…men før hovudbygningen kan brukast i det heile, er det naudsynt å få inn vatn, toalett og å vøla på det elektriske arbeidet” (Stiftingsprotokollen for Venelaget for Halsnøy kloster).

Dugnadar vart satt i gong for å rydda hus og tun. I åra som fylgde la venelaget ned ein imponerande innsats i utbetring av anlegget. Det blei årleg halde fleire dugnader, med hovudvekt på arbeidet om våren for å gjera tunet presentabelt til sommarsesongen. Venelaget klarde òg å få andre aktørar i nærmiljøet på banen, som til dømes i 1987 då den lokale branntroppen tømde brønnen i hovudhuset, noko som seinare vart referert til som ein ”møkkajobb”.

I samarbeid med muséet har venelaget  desse åra vore med på å oppgradere staden  og området rundt anlegget, t.d. Kulturløypa. Dei er og viktige medhjelparar i høve tilskipingar som Klosterdagar og anna aktivitet  gjennom året ellers.

IDAG:

Venelaget for Halsnøy Kloster består  framleis idag av personar som vil vera med og arbeide for aktivitet i og rundt klosteret. Halsnøy kloster er ein viktig kulturell institusjon i lokalmiljøet vårt og var i sine glansdagar ein stor og mektig institusjon i eit stort distrikt på vestlandet.
I området rundt klosteret ligg det mange spennande fornminne. Desse prøver me nå å gjere meir tilgjengelege for folk flest, då me deltek i eit arbeid med å leggje tilrette ei kulturløype i området. Her stiller me på dugnad og er med i arbeidsgruppa med museet og fylkeskommunen. Elles er venelaget støttespelarar i arrangement som museet skipar til. Me kan også skipe eigne arrangement. Då er det viktig med gode idear frå gode medlemmar. Her kan folk som vil vera med og utvikle arbeidet vårt.

Leiar i venelaget er Toril Romsø

Venelaget på facebook: https://www.facebook.com/groups/venelaget/

Bilete av Halsnøy Kloster
Skip to content