Om A.i.R -programmet

Bilete av Halsnøy Kloster

Artist-in-Residence ved Halsnøy Kloster

Sunnhordland Museum har sidan 2010 hatt tilbod om kunstnaropphald ved Halsnøy Kloster for kunstnarar som arbeider fotobasert. Så langt har 54 kunstnarar frå 26 land hatt tre vekers opphald, med påfølgjande utstilling året etter.

Vi tilbyr 3 plasser i året, for ei opphaldsperiode på tre veker. Denne perioden er i august/september kvart år, og tre kunstnarar deler altså huset i perioden.

Opphaldet er gratis, og vi tilbyr ein liten sum i kostpengar. MERK: Vi dekker ikkje reise, produksjonskostnader eller andre kostnader.

Halsnøy Kloster vart grunnlagt som Augustiner kloster i 1163 av Erling Skakke. Etter reformasjonen lot ein klostrene i Noreg forfalle, og Halsnøy kloster gjekk over til å bli lensherre-embete. I 1756 overtok kammerråd Andreas Juel frå Danmark området, som då vart driven som eit fogderi. Familien overtok den tilhøyrande garden og har sidan drive gardsdrift heilt fram til 1950 tallet.  Sunnhordland Folkemuseum overtok då klostereigedomen til museumsdrift. Familien Juel driver fortsatt gard på naboeigedomen.

Kunstnarane bur i hovedhuset fra 1841. Huset og området rundt er eit museum, men huset har ganske komfortable soverom, eit moderne kjøken, bad og internett.

Halsnøy ligg som ei vakker perle ved innløpet til Hardangerfjorden. Øya har ca 3000 innbyggjarar som livnærer seg av jordbruk, fiske og industri.

I sine glansdagar var Halsnøy Kloster ein av Noregs viktigaste institusjonar for kulturell utveksling, både nasjonalt og internasjonalt.

Bakgrunnen for AiR prosjektet er eit ynskje om å vidareføre denne kulturelle utvekslinga. Kunstnarane som vert vald ut til opphald får tid og fridom til å arbeide i eit vakkert, stille område. Lokalbefolkninga har etter kvart blitt meir og meir interessert i dei spesielle opplevingane dei får i møte med kunstnarane, og mange deltar i prosjekter som dei opplever som rare, og dei får mange positive overraskingar når de stiller mannsterke på utstillingane året etter.

Prosjekter som er produsert på Halsnøy vert stilt ut i heile verda; i London, Tokyo, Paris, New York.

AiR prosjektet kan på denne måten og bidra til ein dokumentasjon over dei forskjellige kunstprosjekta som er gjennomført i lokalsamfunnet, dokumentasjon av menneske som har bidrege gjennom å bli fotografert, filma eller gjort lydopptak av.

Søkjeprosessen:

Alle kunstnarar som arbeider fotobasert kan søkje. Det vi ser etter er søkjarar på  høgt nivå, og – vi ynskjer å setje saman kunstnarar som arbeider i ulike retningar med forskjellige teknikker, og som har gode tankar / idear.

I perioden 1 januar til 30. juni kvart år tek vi i mot søknader for opphald påfølgande år. Normalt er vi tilstades og har portfolio reviews ved ein del internasjonale fotofestivalar, og kvart år ved festivalen i Arles, Frankrike.

Det er og mogeleg å søkje pr e-post til oh@oyvindhjelmen.com.

Det er ikkje noko søknadsskjema, men skriv til oss, litt om det du gjer, gjerne nokre tankar om kva du ynskjer å nytta opphaldet til (det er ganske normalt at slike planar endrast etter kvart), og send nokre bilde du meiner representerer ditt arbeid på ein god måte. Og helst en link til heimeside eller liknande.

Innan 15 juli vel vi 12 kunstnarar til ei kortliste, og innan utgongen av august blir det endelege utvalet gjort av de 3 som får tilbod om opphald det følgjande året.

Vi har til no fokusert mest på å byggje opp ein internasjonal søkermasse, og har difor så langt hatt få norske søkjarar. Vi ser fram til å høyre meir fra norske kunstnarar framover. Vanligvis har vi mellom 35 og 60 søkjarar årleg til de 6 plassene.

Meir informasjon om Halsnøy Kloster finn du her.

AiR invitasjon (norsk)

AiR invitation (engelsk)

Helsing

Helén Petersen                                                               Øyvind Hjelmen

Avdelingsleiar Halsnøy Kloster                                 Kunstnerisk leiar AiR

& Administrativ leiar AiR

Bilete av Halsnøy Kloster
Skip to content