Utleige

Leig lokale som osar av historie!

Ønsker du eit lokale utanom det vanlege til arrangementet ditt? Sunnhordland Museum har fleire lokale med historisk særpreg som me leiger ut til for eksempel møte, konferansar, bursdagar, firmafestar, konfirmasjonar, barnedåp og bryllaup. Halsnøy kloster er også godkjend som vigslingstad.

Utleige er tufta på at leigetakar ordnar med mat sjølve, og at leigeavtale er underskriven. Les også leigepremissar nedst.

Ta kontakt med oss om du har spørsmål om lokala våre. Me vil gjera vårt beste for å tilrettelegga tilskipinga i samråd med deg.

Utleige på Halsnøy kloster – Privat leige

  • Den raude stova – maks 25 personar (kr. 4000.-/kr. 6000.- inkl. dekking)
  • Den blå stova – maks. 25 personar (kr. 4000.-/kr. 6000.- inkl. dekking)
  • Gamlakjøkenet – 25 personar (kr. 3000.-/ kr. 5000.- inkl. dekking)
  • Kjellaren – maks. 40 personar (kr. 2500.-/ kr. 4400.- inkl. dekking)
  • 2 stover – inntil 50 personar (kr. 6000.-/ kr. 8000.- inkl-.dekking)
  • Evt utvask – kr. 2000.-

I dekking inngår dukar og ljos på borda. Maks antal personar totalt i utleigesamanheng: 50 personar. «Grøne stova»/Pianostova er ikkje tilgjenge for utleige.

Leige av lokala for fotografering inne: kr. 500.-

Eigne prisar for bedrifter. Ta kontakt for tilbod HER

Utleige på Sunnhordlandstunet

  • Museumshallen dagtid: maks. 50-60 personar dagtid: (kr. 2000.-)
  • Museumshallen kveldstid: min. kr. 3500.-
  • Ådlandstova dagtid:  maks. 40 personar (kr. 1500.-)
  • Møllebua dagtid: kr. 1500.-
  • Ådlandstova og Møllebua kveldstid:  kr. 2500

Andre hus og tun til utleige i Sunnhordland

Ta kontakt med oss for leige av nokre av dei andre tuna og husa våre:

  • Arbeidarbustaden på Litlabø: Det er høve til å leiga arbeidarbustaden i gruvene på Litlabø til mindre tilskipingar. Dei to stovene tek 10 personar kvar, om ein skal ha matservering, og 30 personar om ein skal ha føredrag eller anna.
  • Sæbøtunet, Nerheimstunet, Hauahuset, Nistovetunet og Gjerdetunet: stovene tek maks. 20 personar.

Leigepremissar

Vi minner eventuelle leigetakarar om at husa og tuna er eit museum. Ved leige er det viktig at ein tek omsyn til dei omgivnadene ein er i og at desse er sårbare. Møblar/gjenstander skal ikkje flyttast på utan i samråd med utleigar.

Utleigar vil vurdere kvart enkelt tilfelle av utleige ved skjøn.

Utleige er i hovudsak tufta på at leigetakar sjølv tar seg av bord-dekking og rydding /vask/ bos etter endt arrangement. Leietakar må og sjølv syte for eventuell tinging av mat og innleige av serveringspersonale. Ved arrangement der det er tenkt servering av alkohol må leigetakar sjølv syte for ambulerande skjenkeløyve /skjenkeløyve for lukket lag frå kommunen og kunne forevise dette. Dersom vask/rydding av leietakar ikkje er tilfredstillande eller leigetakar ønskjer at muséet tar seg av vask, tilkjem gebyr på kr. 1500.-

Leigeavtale vert skriven for kvart leigetilfelle og faktura sendt i etterkant.

Skip to content