Halsnøy Kloster

På øya Halsnøy i innløpet av Hardangerfjorden, Kvinnherad kommune ligg ruinane etter eit Augustinerkloster bygd kring 1300. Men klosterdrifta på staden kan sporast attende heilt til 1100-talet.

Gjennom heile året vert det arrangert små og store tilskipingar som omvisingar, utstillingar, føredrag, konsertar og den årvisse «klosterdagen» med rikt program for store og små.

Museet har eigne undervisningsopplegg for skulane.

Det er mogleg å leiga lokale på Halsnøy kloster til møte og andre arrangement. Klosteret er godkjend som vigslingsstad, og blir brukt både av Den norske kyrkja og Human-etisk forbund.

Halsnøy kloster har sidan 2010 hatt kunstnaropphaldsperioder ( Artist-in-Residence) for fotobaserte kunstnarar frå heile verda. Meir om kunstnaropphalda finn du her:

Om A.i.R- programmet

For English:

Artist-in-Residence /How to apply

Litt lengre ned på sida finn du aktuelle saker frå Halsnøy kloster.

Utstillingar på tunet

Kva skjer på tunet?

No event found!
Opningstider


Sommarsesong 2022

18. juni til 14. august
tysdag til søndag 11.00 – 16.00

Finn vegen
Omvisning

Sommarsesong medio juni – medio august: Daglege omvisningar i tunet.

Utanfor sesong – gruppebestilling etter avtale kontakt:

hkl@sunnhordland.museum.no

Tlf.: +47 48130020

Pris
Vaksen kr. 90,- Born 10-16 år kr. 40,- Born under 10 år – gratis. Honnør/ student kr. 60,- Gruppebillett over 15 pers. kr. 70,-

Aktuelt frå

Halsnøy Kloster

Skip to content