Sunnhordlandstunet

Sunnhordlandstunet i den flotte Vidstenparken på Stord er besøks – og administrasjonssenter for Sunnhordland museum.

På museumstunet er det samla 11 bygg frå ulike stader i Sunnhordlandsregionen. Tunet var opprinneleg tenkt som eit stort og sentralt bygdetun med dei eldste og finaste bygningane i distriktet, men museet gjekk alt i mellomkrigstida bort frå denne tanken, og ville heller verna tun og bygningar i deira opphavlege miljø. I tunet kan du sjå nærare på ei røykstove, truleg frå 1500-talet, eller ei glas- og lemstove frå 1650. I tillegg er smie, stabbur, eldhus, løe, strandsitjarstove, krambu og skulehus representert på tunet.

I museet sitt hoved bygg kan du vandra i utstillingane, bestille ei omvising ute på tunet, besøka vårt escaperoom eller delta på eit av våre mange arrangement gjennom året.

Utstillingar på tunet

Kva skjer på tunet?

Ingen hendingar!

Opningtider:

Tysdag – fredag 11:00 – 15:00

Escaperommet har ledige tider på førespurnad, ta kontakt på mail eller telefon.

 

Finn vegen
Omvisning

Utanfor sommarsesong – gruppebestilling etter avtale til post@sunnhordland.museum.no

Pris

Inngang utstillingar

  • Vaksen kr. 120,-
  • Born 6-16 år kr. 60,-
  • Born under 6 år – gratis.
  • Honnør/student kr. 100,-


Guiding + inngangsbillett i utstillingane

  • Vaksen kr. 200,-
  • Born 6-16 år kr. 100,-
  • Born under 6 år – gratis.
  • Honnør/student kr. 150,-
  • Familiepris
    (2 vaksne + 3 born): 500,-

Aktuelt frå

Sunnhordlandstunet