I februar og mars vert Berekraftvekene arrangert på Stord, eit samarbeid mellom blant anna Stord folkebibiliotek, Naturvernforbundet Stord, Folkeakademiet Stord, Sunnhordland museum, og mange fleire.
I den anledning opnar museet sin nye utstilling, STOLtinget – ei magasinutstilling og eit formidlingsrom som tek for seg spørsmål knytt til berekraft, bevaring og kulturarv – med stolen som utgangspunkt og drivkraft.
I mars får me besøk av Ida Kleppe frå Lundemannsverk, som skal ha temakveld med bokslepp og føredrag om kjøkkenhage. Du får svar på spørsmål som korleis ein dyrkar grønsaker på ein enkel og berekraftig måte, korleis vert ein kvitt sniglane, og kva passar aller best å dyrke på Stord. Det vert i tillegg anledning til å få kjøpt den nye boka hennar.
I vinterferien arrangerer museet ein kreativ verkstad for barn, som denne gongen har berekraft som utgangspunkt. Følg med for meir info!
Velkommen til oss!