Innkalling til STOLtinget

SUMU kallar inn stolar i frå Sunnhordland. Museet ønskjer nominasjonar til STOLtingrepresentantar. DU sit kanskje på ein av dei? På dette tinget er det rom for eit mangfald av stolar.

Sit du på eit arvestykke, eit smykke av ein stol – eller på ein enklare pinnestol? Sit du godt, lågt, høgt, mjukt, vondt, hardt – med tresmak i revo? Ber stolen på ein rar, morosam, vidunderleg eller sår forteljing? Ber stolen preg av eit langt liv? Vil du fortelje oss kvifor du vel å ta vare på denne stolen og la museet få stille den ut for ein periode i utstillinga? Då er det kanskje nettopp denne stolen som skal nominerast til STOLtinget!

Innan 15. mars håpar museet å få inn nominasjonar frå alle åtte kommunane i Sunnhordland. Museet vil gjere eit utval frå nominasjonane og stille ut stolar og forteljingar dei ber på. 26. mars er det offisiell opning av STOLtinget ved tidlegare stortingsrepresentant Magne Rommetveit.

Send inn nominasjonen (bilde og tekst) til Sunnhordland museum: post@sunnhordland.museum.no eller til postboks 51, 5401 Stord.

Skip to content