med Benjamin Dowling
Og endeleg var det ungdommen sin tur..
Er du ein ungdom 12 ++? Likar du å teikne, male eller på anna vis vera kreativ? Likar du gatekunst? Kunne du tenkt deg å læra meir? Lyst å prøva??.. Då er dette kanskje noko for deg!
Vi har gleda av å kunne invitera til workshop i/om gatekunst/urban kunst for ungdom over 12 år (inga begrensing oppover) med Benjamin J. Dowling på Halsnøy kloster i påskeveka, 16.- 18.april. Workshopen går over 3 dagar x 4 timar. Du treng ingen forkunnskaper, berre lyst og motivasjon!
Dato: 16. -18. 4. 2025, kl 11.00 – 15.00
Max. 12 deltakarar
pris kr. 1500.- inkl. alt materiell
påmelding til hkl@sunnhordland.museum.no INNAN 2.april

Om Benjamin: Ein billedkunstnar og kreativ entreprenør
Ben Dowling (f.1993) er ein Norsk billedkunstnar bosett i Bergen, opphaveleg frå Halsnøy. Dowling er utdanna biletkunstnar og med ein allsidig tilnærming til kunst arbeidar han med medier som teikning, måleri og skulptur. Han har lang erfaring innan urban kunst og uttrykksformer som stensilkunst og graffiti, både som aktiv kunstnar og frå kunstbransjen. Han er også eigar og kurator av UNAS Gallery, ei plattform for samtidskunst, og eigar UpNorth Tattoo Society, der han kombinerar sin kunstnariske visjon med tatoveringskunst.
Du finn meir her:
Om Workshopen:
WORKSHOP: INTRO URBANKUNST
For ungdom over 12 år.. | Ingen forkunnskaper nødvendig
Kort om workshoppen
Denne workshoppen gjev ein grunnleggande innføring i gatekunst og urban kunst, der deltakarane får lære om graffiti, stensilkunst og karakterdesign. Ingen forkunnskaper er nødvendige – vi jobbar med konsept/ide, skisser, digital teikning (for dei som har iPad), stensiler, måling og spraymåling. Alt av material og utstyr blir utdelt på staden og inngår i prisen. (Evt IPad må deltakarene sjølv ha med men er ikkje nødvendig – ta med om du har !)
Deltakere: 12 (individuelt eller i par)
Varighet: 3 dager, 4 timar per dag.
PROGRAM
Dag 1: Inspirasjon & Designprosess
📌 Intro & foredrag om urbankunst
- Kva er urbankunst? Historie og stilarter
- Inspirasjon fra kjende kunstnarar
📌 Idéutvikling & skissering
- Deltakarane velger ein teknikk:
- Graffiti (bokstavdesign, tagging)
- Stensilkunst (sjablonger & flerlagsdesign)
- Karakterdesign/graffiti (figurer i urbant uttrykk)
- Skissering for hand eller digitalt (iPad), utforskning og utprøving.
Dag 2: Utvikling & Teknikkøvelse
📌 Vidare arbeid med design
- Ferdigstilling design (planteikning for grafitti)
- Overføring til større format.
📌 Teknikktrening
- Måleteknikker & sprayteknikker for grafitti og stensil.
- Stensilkutt & testmaling
- Førebuing av stensilar og materialar
Dag 3: Storformat & Ferdigstilling
📌 Siste førebuingar
- Klargjering av vegg/malerflate
- Oppteikning og siste justeringar
📌 Male gateverket! 🎨
- Deltakarane maler sitt verk i storskala
- Sluttpresentasjon & refleksjon
🌟 Mål med workshoppen:
✔ Skape eit kunstverk saman med andre
✔ Lære grunnleggjande teknikker innan gatekunst
✔ Utforske eigen kreativitet og uttrykk