Har du lyst til å jobbe med Sunnhordland si kulturarv?
Sunnhordland museum har ledig fulltidsstilling som bygningsvernrådgjevar.
Trivast du i eit spennande og utviklande fagmiljø, og brenn for å ta vare på kulturhistoria i Sunnhordland?
Kva me ser etter
Me ser etter deg som er positiv, initiativrik og engasjert. Du brenn for faget og evnar og arbeida effektivt med fagleg høg kvalitet, både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Me ønsker en medarbeider som er lyttende og inkluderende, er åpen for nye arbeidsoppgaver og som kan bidra til å bevare og formidle Sunnhordlands unike bygningsarv.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan bygningsvernsrelaterte fag på høgskule eller universitetsnivå
- Erfaring og kompetanse innan fagfeltet
- Erfaring med rådgjeving, prosjektleiing og økonomistyring
- Erfaring frå kulturmiljøforvaltning og kulturminnevern
- Kjennskap til relevante lovar og regelverk innan bygningsvern og byggeprosjekt
- Erfaring med tilstandsvurdering, dokumentasjon, finansiering og søknadsskriving
- Kunnskap om arkitektur og byggeskikk
- Søkjar må minimum ha førarkort klasse B
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne
Fleire fagbakgrunnar kan vere relevante for stillinga, og vi kjem derfor til å sjå på kva søkjar ut frå ei heilskapleg vurdering av erfaring, kompetanse og personlege eigenskapar.
Arbeidsoppgaver
Sentrale arbeidsoppgåver
- Gje fyrstegongs rådgjeving til eigarar og forvaltarar av eldre og verneverdige bygg i Sunnhordlandsregionen
- Gje råd og rettleiing om lokale, regionale og nasjonale tilskotsordningar
- Utarbeida kulturminnefaglege fråsegner
- Formidla kunnskap om bygningsvern gjennom kurs, temamøter og media
- Overordna fagleg ansvar for museet sine bygg, inkludert tilstandsvurdering, planarbeid og dokumentasjon av museet sine bygg
- Samarbeida med forvaltninga i Sunnhordlandskommunane og andre aktørar
- Delta i nettverksarbeid
- Ein må rekne med noko kvelds- og helgearbeid i samband med arrangement og anna
Me tilbyr
- Ein interessant og variert stilling i eit spennande tverrfagleg miljø
- Moglegheit for kompetanseutvikling
- Deltaking i etablert bygningsvernnettverk
- Varierte oppgåver med stor friheit til å strukturere eigne arbeidsdagar
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Mobiltelefonordning
- Lønn etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke).
- God pensjonsordning
Bygningsvernrådgiveren er ansatt av Sunnhordland museum, har Sunnhordland som arbeidsområde og har kontor på Sunnhordlandstunet på Leirvik, Stord. Ein må rekne med reisevirksomhet i regionen. Stillingen er delt mellom Sunnhordland museum og Vestland fylke
Kontaktperson for stillingen
Helge Pedersen
Konstituert direktør
40245374
Søknadsfrist 15.02.26