Jobbe hos oss?

For øyeblikket er det to ledige stillingar på Sunnhordland museum. Interessert i å søka stilling som formidlingsleiar eller bygningsvernrådgjevar?

Formidlingsleiar
Søknadsfrist: 14.03.2026

Er du glad i kulturarv, historie, formidling og menneske? Sunnhordland museum søkjer ein engasjert og strategisk formidlingsleiar som vil vere med og vidareutvikla museet si rolle som ein open, relevant og inkluderande samfunnsaktør i Sunnhordland.


Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning innan museum, kulturhistorie, pedagogikk, formidling eller tilsvarande
  • Du har kunnskap om og kan bidra i museet sitt arbeid med SOME og digital formidling
  • Erfaring frå formidlingsarbeid, gjerne frå museum eller kulturinstitusjon
  • Leiarerfaring eller erfaring med prosjektleiing
  • Førarkort minimum kl B.
  • Relevant erfaring kan i visse høve erstatte manglande utdanning

Personlege eigenskapar

  • Engasjert, oppdatert og kreativ
  • Strukturert, utviklingsorientert og sjølvstendig
  • Gode evner til å inspirere og samarbeide
  • Handlekraftig og ansvarsfull

Arbeidsoppgaver
Formidlingsleiaren har det overordna faglege og strategiske ansvaret for museet si formidlingsverksemd. Stillinga kombinerer leiing, utviklingsarbeid og praktisk formidling, og er sentral i arbeidet med å synleggjera og styrkja museet sin relevans og samfunnsrolle. Formidlingsleiaren er ein del av eit spanande tverrfagleg miljø og rapporterer til museumsdirektør.

Aktuelle arbeidsoppgaver

  • Formidle Sunnhordland si kulturarv for alle museet sine målgrupper
  • Utvikle formidlingsprosjekt og søke eksterne prosjektmidlar
  • Vera med å skapa utstillingar
  • Planleggja og gjennomføra arrangement
  • Førebu eit variert tilbod til sommarsesongen og følgje opp sommarvikarar
  • Arbeid med publikumsutvikling, inkludering og nye formidlingsformer
  • Sunnhordland museum har lokalitetar i heile regionen og har oppdrag både for den kulturelle skulesekken og den kulturelle spaserstokken. Som formidlingsleiar vil det vera viktig å bidra på andre arenaer.

Me tilbyr

  • Ein interessant og variert stilling i eit spennande og tverrfagleg miljø
  • Moglegheit for kompetanseheving gjennom kurs, seminar og nettverk
  • Varierte oppgåver med stor fridom til å påverke og utvikle museet si formidling
  • Fleksitid og fri telefon
  • Lønn etter avtale i stillingskode 1434/1364 basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning.

Kontaktperson for stillingen

Helge Pedersen
Konstituert direktør
Tlf: 40245374
hp@sunnhordland.museum.no

Søknad sendast til:

Søknad med CV sendast på e- post til hp@sunnhordland.museum.no

______________________________________

Bygningsvernrådgjevar
Søknadsfrist: 01.03.2026

Har du lyst til å jobbe med Sunnhordland si kulturarv?
Sunnhordland museum har ledig fulltidsstilling som bygningsvernrådgjevar.
Trivast du i eit spennande og utviklande fagmiljø, og brenn for å ta vare på kulturhistoria i Sunnhordland?

Kva me ser etter
Me ser etter deg som er positiv, initiativrik og engasjert. Du brenn for faget og evnar og arbeida effektivt med fagleg høg kvalitet, både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Me ønsker en medarbeider som er lyttende og inkluderende, er åpen for nye arbeidsoppgaver og som kan bidra til å bevare og formidle Sunnhordlands unike bygningsarv.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan bygningsvernsrelaterte fag på høgskule eller universitetsnivå
  • Erfaring og kompetanse innan fagfeltet
  • Erfaring med rådgjeving, prosjektleiing og økonomistyring
  • Erfaring frå kulturmiljøforvaltning og kulturminnevern
  • Kjennskap til relevante lovar og regelverk innan bygningsvern og byggeprosjekt
  • Erfaring med tilstandsvurdering, dokumentasjon, finansiering og søknadsskriving
  • Kunnskap om arkitektur og byggeskikk
  • Søkjar må minimum ha førarkort klasse B
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne

Fleire fagbakgrunnar kan vere relevante for stillinga, og vi kjem derfor til å sjå på kva søkjar ut frå ei heilskapleg vurdering av erfaring, kompetanse og personlege eigenskapar.

Arbeidsoppgaver
Sentrale arbeidsoppgåver

  • Gje fyrstegongs rådgjeving til eigarar og forvaltarar av eldre og verneverdige bygg i Sunnhordlandsregionen
  • Gje råd og rettleiing om lokale, regionale og nasjonale tilskotsordningar
  • Utarbeida kulturminnefaglege fråsegner
  • Formidla kunnskap om bygningsvern gjennom kurs, temamøter og media
  • Overordna fagleg ansvar for museet sine bygg, inkludert tilstandsvurdering, planarbeid og dokumentasjon av museet sine bygg
  • Samarbeida med forvaltninga i Sunnhordlandskommunane og andre aktørar
  • Delta i nettverksarbeid
  • Ein må rekne med noko kvelds- og helgearbeid i samband med arrangement og anna

Me tilbyr

  • Ein interessant og variert stilling i eit spennande tverrfagleg miljø
  • Moglegheit for kompetanseutvikling
  • Deltaking i etablert bygningsvernnettverk
  • Varierte oppgåver med stor friheit til å strukturere eigne arbeidsdagar
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Mobiltelefonordning
  • Lønn etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke).
  • God pensjonsordning

Bygningsvernrådgiveren er ansatt av Sunnhordland museum, har Sunnhordland som arbeidsområde og har kontor på Sunnhordlandstunet på Leirvik, Stord. Ein må rekne med reisevirksomhet i regionen. Stillingen er delt mellom Sunnhordland museum og Vestland fylke

Kontaktperson for stillingen

Helge Pedersen
Konstituert direktør
Tlf: 40245374
hp@sunnhordland.museum.no

Søknad sendast til:

Søknad med CV sendast på e- post til hp@sunnhordland.museum.no