Pianokonsert i stovene på Halsnøy kloster

14.02.2027, kl. 16.00

«Velkomne til duo pianokonsert med Salar og Aksel!

Salar Nikkar og Aksel Dueled er begge profesjonelle pianister og gode venner. Dei ynskjer å dele si glede for Bach sin musikk med dykk gjennom eit variert program. På programmet står ei blanding av musikk Bach i si tid skreiv for klaveret og musikk Bach originalt skreiv for andre instrument som seinare vart arrangert for piano. Det blir både ro, kontemplasjon, energi og flammar. Men i bunn, alltid den rensande kvaliteten som gjennomsyrer Bach sin musikk.»

Salar Nikkar byrja å spele piano då han var 16 år. Etter nokre år med studier i matematikk, studerte han bachelor i utøvande klassisk musikk ved Universitet i Teheran og tok sin master ved Universitetet i Agder. Han har spilt konsertar som solo pianist og kammermusikk pianist i Noreg og i Tyskland. I dag er han pianolærer ved Haugesund kulturskole og dirigerer Handelsstandends sangforening. Salar har spesiell kjennskap til Wienerklassisismen, Barokken og musikk fra Sør-Kaukasus.

Aksel Dueled har tatt sin Bacelor og Master i utøvande klassisk piano ved Universitetet i Agder med utvekslingshalvår både i Tirana, Albania,og Yerevan, Armenia. Aksel byrja på pianoundervisning då han var sju år. Gjennom heile hans liv med pianoet har hoved-drivkrafta vore spilleglede og gleda over sjølve instrumentet og dets muligheter. Musikalsk sett lener Aksel seg mot dei meire romantiske stilane, både i spillestil og repertoarvalg, med mye Chopin og Rachmaninoff i repertoaret. Samstundes har Aksel en kjærleik for Mozart og ikke minst Bach. Aksel har spilt konsertar i Noreg, Albania, Armenia og Østerrike.

«Et genuint kunstnertemperament» -Tor Espen Aspaas