Sæbøtunet ligg flott til i sentrum av Etne kommune.
Bygningane i Sæbøtunet viser sosiale tilhøve, byggeskikk og handverk på 17- og 1800-talet. Dei 8 bygningane i tunet er innreidde med møblar, arbeidsreiskapar og tekstilar frå denne perioden.
I 2016 vart det utført omfattande restaurering av tunet, og bygd eit lite amfi i møkaskuten, kalla «Forteljarskuten». Den blir no mykje brukt av barnehagar og skular, lag og organisasjonar. Ta kontakt for leige av lokale.