Allehelgensfeiring på Sæbøtunet.

Tysdag 31.oktober, kl.18-20.30.

I år som i fjor inviterar me til allehelgensfeiring på Sæbøtunet. I den anledning lagar me til forskjellige stasjonar med aktivitetar ein kan bevege seg fritt mellom.

Kva med å besøke Frankensteins laboratorium i eldhuset –  tør du å putte handa nedi mystiske boksar med ekkelt innhald?

I teiknerommet kan du teikne det skumlaste du veit – me håpar på mange fryktinngytande teikningar på veggen.

Ute på tunet kan ein gå på refleksjakt, ha monsteraugestafett med vener eller setje vorte på heksa.

Det er sjølvsagt lov å kle seg ut! Ta med heile klassen eller kom åleine.

Pris: 50,-

Me ber om at folk forhånskjøper billettar for å unngå for lang og skummel kø, og at born kjem i følge med vaksne.

Billettlink: Allehelgensaften på Sæbøtunet – Sunnhordland Museum (ebillett.no)

Kle dykk godt og vel møtt! Me fyrer opp i bålpanna om været tillet det.


Meir informasjon

Kjøp billett

The event is finished.

Date

31. oktober 2023

Time

18:00 - 20:30

Lokasjon

Sæbøtunet
Etne
Skip to content