ARRFJES med Terje Torkildsen & Johan Egdetveit + Stord kulturskule
Har du sjekka ut det flotte programmet til Falturiltu 2022?
Sunnhordland museum gler seg til å vere med på festivalen og halde hus for nokre av dei spanande arrangementa.
Den historiske sjøromanen Arrfjes er truleg den mest lesne boka Terje Torkildsen har skrive og ho blei i Bokåret 2019 kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene på nynorsk sidan tusenårsskiftet. I samband med at Torkildsen er årets festivalforfattar på Falturiltu, lagar han ei tingingsverk og forteljinga om førstereisguten Ejner Tevig til teater med nyskriven musikk av vossingen Johan Egdetveit.
Torkildsen markerer i år at det er 30 år sidan han begynte å jobba som skodelspar på det på film og scene, så det er ganske sjølvsagt at han sjølv er både manusforfattar og skodelspar i framsyninga og under kyndig regi av Marianne Holter. Arrfjes skal urframførast under Falturiltu på Stord. Staden for framsyninga er Møllebua.
Sjekk ut programmet og kjøp billett!