Då rocken kom til Sunnhordland – Frå scene til studio!

Me gjentek suksessen frå i vår, og fortset med samtalekveldar rundt rocken sin fødsel i Sunnhordland. Førre kveld handla om det gryande utelivet på 70-talet, no tek me steget vidare og stiller spørsmålet; Kva skjedde då musikken bevega seg frå scenen og inn i studio?
Sunnhordland museum har saman med Roald Kaldestad og Endre Olsen invitert Erik Jørgensen, Arne Wilhelmsen, og Ranveig Johnsen til ein samtalekveld med gode historiar frå livet i innspelingsstudio i Sunnhordland, frå midten av 80-talet.
Hugsar du Fitjarkassetten eller Lat oss hjelpa, Stord sin versjon av Live Aid? Kva med musikalen Flass? Eller Ranveig Johnsen si debutplate, Chiwas sin singel, eller Stord 1-plata? Og visste du at Which Witch-eventyret starta i eit studio på Fitjar? Eller er du ein av dei som hugsar B-sida på Sámiid Ædnan, Detsikavisa av Atle Hansen?
Me er ute etter dei gode historiene rundt rocken sin fødsel i Sunnhordland. Kven spelte? Kva for musikk spelte dei? Kor spelte dei? Kven var arrangørane? Kva gjorde desse arrangementa med folk som budde her?

Sunnhordland museum ønskjer å utvide si samling med immateriell kulturarv og samle inn nokre av desse historiane og bileta som representerer denne delen av kulturlivet som vaks fram i Sunnhordland frå 60-talet.
Alkoholservering og 18-årsgrense.
18. september kl. 18:00 (dørene opnar kl. 17:30) på Sunnhordlandstunet/Sunnhordland museum

Pris: 150,-

Parkering ved Vidsteentunet eller i Sæ.

Meir informasjon

Kjøp billett

The event is finished.

Date

18. september 2024

Time

18:00

Lokasjon

Sunnhordlandstunet
Museumsbakken 16, 5417 Stord

Kostnad

150 NOK
Skip to content