Folkemusikk med Ludo og Stordøya kvedarlag

Eit arrangement i samband med Falturiltu!

Visste du at det finst hardingfeleslåttar frå Sunnhordland?
Ein av desse slåttane vil du få høyre når Ludo og Stordøya kvedarlag kjem til Sunnhordland museum med ein konsert der folkemusikk frå Sunnhordland og Vestlandet står i fokus.
Folkemusikkgruppa Ludo har sidan 2006 samarbeidd med Stordøya kvedarlag i ulike prosjekt. Kvedarlaget består av ei gruppe driftige songarar frå Stord som gjennom mange år har gjort ein stor innsats for å løfte fram folketonar frå Sunnhordland. På konserten vil dei i samspel med Ludo framføre vokal folkemusikk frå dei fleste kommunane i regionen.
Kjøp billettar her.

Dato

02. november 2025

Tid

16:00

Lokasjon

Sunnhordlandstunet
Museumsbakken 16, 5417 Stord

Kostnad

150 NOK