Bas Vlam
Frå okse til A

Eit føredrag om bokstavane si lange vandring frå bilde til bokstav: Korleis kunne hovudet til ein okse i hola på Altamira bli til den første bokstaven i alfabetet vårt? Har alle bokstavane blitt til gjennom ein lang prosess, eller har nokre kloke menneske berre bestemt forma etter eige hovud? Korleis påverka materialane denne utviklinga og kvifor blei ikkje runene den skriftforma alle skulle bruka? Kvifor er skriftforma i nokre land så annleis enn det latinske alfabetet vårt? Desse og nokre fleire spørsmål skal Bas Vlam kåsere rundt når han vitjar Halsnøy kloster, fredag 22. januar.

 

 

Bas Vlam er født i 1963 i Nederland, men bur på Askøy utanføre Bergen. Bas har studert kalligrafi i Nederland og England og har vore på mange kurs med anerkjente kalligrafar som Donald Jackson, Jean Larcher, Gaynor Goffe, John Woodcock, Manny Ling, David Howells, Astrid Scholten, Mary Noble og Ann Hechle. Bas held kurs og føredrag i kalligrafi, brushlettering og bokbinding for både vaksne og born, skriv artiklar og er mykje brukt i Den Kulturelle Skulesekken.

Kalligrafi er ifølgje snl.no skriftkunst, eller kunsten å skrive bokstavar på en kunstferdig måte. Kalligrafi er eit handverk og ein kunnen som stadig færre kan eller kjenner til. Når Bas Vlam vitjar Halsnøy kloster og Bergslagen i januar, vil både den praktiske og teoretiske kunnskapen han har om dei historiske skriftformene bli formidla.

Skriftkunst, kjennskap til bokstavane si utvikling, skriftkultur og skrivekunst heng tett saman: Fram til 1000- og 1100-talet nytta nordmenn runeskrift, som mellom anna vart rissa i tre og stein. Med kristninga av landet og dei katolske munkane vart landet introdusert for det latinske alfabetet, pergament og blekk. Med dette vaks også skriftkulturen vår fram.

Det er difor svært kjekt å saman kunne invitera til ei slik helg, som er så relevant for historie- og litteraturformidlinga vår, melder arrangørane Halsnøy kloster og Sunde kyst- og litteratursenter.

For dei som vil læra meir om dette vert det halde dagskurs i kalligrafi og enkel bokbinding med kalligraf Bas Vlam på Bergslagen lørdag 23.januar.

Meir om kurset og påmelding her: Dagskurs i kalligrafi og enkel bokbinding

På dette kurset blir det innføring i bruk av breikantpenn, samt introduksjon til ei mellomalderskrift som me skal bruka til å lage fine bokmerker. Etter lunsj skal me laga ei lita bok, som me syr og limar saman på ein måte som kan gjentas heime. Har me litt tid til overs har Bas alltid nokre ekstra «ess i ermet»! Kurset blir halde i Bergslagen på Sunde.

(Maks 16 deltakarar, kurs frå kl. 10-17, inkludert lunsj)

Velkomne til ein spanande reise!


Dato

22. januar 2027

Tid

18:00 - 19:30

Lokasjon

Halsnøy kloster