Gatekunst/Urban kunst – workshop med Benjamin Dowling

Og endeleg var det ungdommen sin tur..

Er du ein ungdom over 12 år? Likar du å teikne, male eller på anna vis vera kreativ? Likar du gatekunst? Kunne du tenkt deg å læra meir? Lyst å prøva??.. Då er dette kanskje noko for deg!

Vi har gleda av å kunne invitera til workshop i/om gatekunst/urban kunst for ungdom over 12 år (inga begrensing oppover) med Benjamin J. Dowling på Halsnøy kloster i påskeveka, 16.- 18.april. Workshopen går over 3 dagar x 4 timar. Du treng ingen forkunnskaper, berre lyst og motivasjon!

Dato: 16. -18. 4. 2025, kl 11.00 – 15.00

Vi treng min. 5 deltakarar for å kunne gjennomføre. Max. 12 deltakarar

pris kr. 1500.- inkl. alt materiell 

Bindande påmelding til: hkl@sunnhordland.museum.no  eller kjøp HER INNAN 2.april

Om Benjamin: Ein billedkunstnar og kreativ entreprenør

Ben Dowling (f.1993) er ein Norsk billedkunstnar bosett i Bergen, opphaveleg frå Halsnøy. Dowling er utdanna biletkunstnar og med ein allsidig tilnærming til kunst arbeidar han med medier som teikning, måleri og skulptur. Han har lang erfaring innan urban kunst og uttrykksformer som stensilkunst og graffiti, både som aktiv kunstnar og frå kunstbransjen. Han er også eigar og kurator av UNAS Gallery, ei plattform for samtidskunst, og eigar UpNorth Tattoo Society, der han kombinerar sin kunstnariske visjon med tatoveringskunst.

 

Du finn meir her:

@bend.no  @unasbergen.no

Om Workshopen:

WORKSHOP: INTRO URBANKUNST

For ungdom 12++ | Ingen forkunnskaper nødvendig

Kort om workshoppen

Denne workshoppen gjev ein grunnleggande innføring i gatekunst og urban kunst, der deltakarane får lære om graffiti, stensilkunst og karakterdesign. Ingen forkunnskaper er nødvendige – vi jobbar med konsept/ide, skisser, digital teikning (for dei som har iPad), stensiler, måling og spraymåling. Alt av material og utstyr blir utdelt på staden og inngår i prisen. (Evt IPad må deltakarene sjølv ha med men er ikkje nødvendig – ta med om du har !)

Deltakere: min.5, max 12 (individuelt eller i par)
Varighet: 3 dager, 4 timar per dag.

PROGRAM

Dag 1: Inspirasjon & Designprosess

📌 Intro & foredrag om urbankunst

  • Kva er urbankunst? Historie og stilarter
  • Inspirasjon fra kjende kunstnarar

📌 Idéutvikling & skissering

  • Deltakarane velger ein teknikk:
    • Graffiti (bokstavdesign, tagging)
    • Stensilkunst (sjablonger & flerlagsdesign)
    • Karakterdesign/graffiti (figurer i urbant uttrykk)
  • Skissering for hand eller digitalt (iPad), utforskning og utprøving.

Dag 2: Utvikling & Teknikkøvelse

📌 Vidare arbeid med design

  • Ferdigstilling design (planteikning for grafitti)
  • Overføring til større format.

📌 Teknikktrening

  • Måleteknikker & sprayteknikker for grafitti og stensil.
  • Stensilkutt & testmaling
  • Førebuing av stensilar og materialar

Dag 3: Storformat & Ferdigstilling

📌 Siste førebuingar

  • Klargjering av vegg/malerflate
  • Oppteikning og siste justeringar

📌 Male gateverket! 🎨

  • Deltakarane maler sitt verk i storskala
  • Sluttpresentasjon & refleksjon

🌟 Mål med workshoppen:
✔ Skape eit kunstverk saman med andre
✔ Lære grunnleggjande teknikker innan gatekunst
✔ Utforske eigen kreativitet og uttrykk


  • 00

    days

  • 00

    hours

  • 00

    minutes

  • 00

    seconds

Date

16. - 18. april 2025

Time

11:00 - 15:00

Lokasjon

Halsnøy kloster

Kostnad

1.500 NOK
Skip to content