Handarbeidskafé på Sunnhordlandstunet

I samarbeid med Stord husflidslag inviterer me til triveleg handarbeidskafé i Museumshallen annakvar onsdag i oddetalsveker frå kl. 11:00 – 14:00.
Her kan ein kjøpe kaffi og noko attåt til ein hyggeleg pris.
Her er alle hjarteleg velkomne! Ta gjerne med strikketøy, hekling eller anna småsysler!

Kontaktperson: Margunn Oma, tlf. 975 46 486
Datoar for hausten 2025: 10.og 29. september, 22. oktober, 05. og 19. november, 03. desember.
Velkomen til hyggeleg samvær og skaparglede!

Dato

10. september 2025 - 03. desember 2025

Tid

11:00 - 14:00