Haust på museet!

På Sunnhordlandstunet kan ein sjå mange ulike og spanande trykksaker på papir som er henta fra vår kulturhistorie på 1900-talet. I samlinga vår finn ein òg trykk på tekstil – mellom anna eit bunadsforklede laga av sjølvaste Engel Astrup! Ho lærte seg korleis ein kunne skjære ut mønster i treblokker som ho trykka med på linstoff.
I haustferien vil museet nok ein gong invitere barn og unge til å skape sine eigne trykksaker i verkstaden «Sild & potet». Her får ein prøve stempeltrykk på papir og utforme sine eigne hermetikketikettar, samt lage sine eigne potettrykk som ein kan trykke mønster med på tekstil i bomull.
Stord husflidslag stiller med symaskinar og kyndig rettleiing til vidare saumarbeid på dei trykte tekstilane.
I tillegg til aktivitetar i trykkeverkstaden kan små og store få prøve seg i byggjeverkstaden i Hatlandsløa. Der kan ein få byggje rom- og huskonstruksjonar i laft!