Haust på museet!

Kva med ein tur på museet i haustferien?
Sunnhordland museum intviterer til aktivitetsdagar i haustferien.
Verkstadaktivitetar:
Onsdag 7.oktober kl.11-14.30
Torsdag 8.oktober kl.11-14.30
Forteljarstund i Ådlandsstovo:
Onsdag 7.oktober kl.13.00
Torsdag 8.oktober kl.13.00
Hausten er, som ordet røper, tida for å hauste fruktene av det ein har sådd. Me har fått epla i hus, og i år vert det difor mogleg å lage seg ein eplekrans under «haust på museet».
Sauene har kome ned frå fjellet, og Husflidslaget kjem for å hjelpe oss å tove karda ull til fine nøkkelringar.
På våte haustdagar er det kjekt å leike med båtar i bekken. Under «haust på museet» kan du få snekre deg din heilt eigen båt.
Når haustmørket kjem snikande er det kjekt med inneleik. På museet kan du også i år lage deg nokre fine papirdokker. Treng du inspirasjon til arbeidet med dette, så kan du ta deg ein tur innom utstillinga «Den vesle manns kunst», og sjå på alle dei finurlege dokkene som er utstilt der.
I Hatlandsløa kan små og store få byggje rom- og huskonstruksjonar med laftesett. Har du lyst til å gå på skogsbingo i museumsparken, så finn du bingo-brett «på løo».
Under «haust på museet» tenner me stearinlysa i Ådlandsstova, og har forteljarstund. Her får ein høyre om tussar, troll og andre underjordiske skapningar. Kanskje vert det ei strofe om Nøkken også?

Pris: 100,- for barn og ungdom. Vaksne går gratis i følgje med barn og unge desse dagane.
Elles er det ordinær billett for dei som berre vil besøke utstillingane.
Det blir ope i museumskaféen med sal av vaflar, kaffi/te og saft
Lyst å prøve deg på escaperoom i haustferien? Les meir her.