Haust på museet og «sild og potete»!
Haust på museet!
Tysdag, onsdag og torsdag (11. – 13. oktober) i haustferien blir det ulike aktivitetar på Sunnhordlandstunet i samarbeid med Stord Husflidlag; utstillingar, trykkeverkstad, laging av haustkrans og anna av naturmateriale, omvising på tunet … og plutseleg kjem det kanskje ein fiskar farande (førestilling for born).
Om «sild og potete»!
Det heiter ikkje potetferie lengre – men det gjorde det før. Den veka om hausten – då born og unge hjalp til i potetonna og fekk potetene opp av jorda og inn i hus før frosten kom.
«Sild og potete» er ein gamal nasjonal kost og i utstillinga «Det starta med silda», sett me fokus på kor viktig sildefisket og denne kosten var for folket i lange tider.
Denne haustferien ønskjer me å invitere born saman med vaksne – til mellom anna å trykke med poteter på tekstiler.
Pris: Barn (frå 5 år) kr. 100 (vaksne gratis). Billett kan kjøpast her.
Program kl. 11:00 – 14:00:
Vandring i utstillinga «Det starta med silda» og «hausting» av poteter.
Aktivitetar i samarbeid med Stord husflidslag;
Inne i verkstaden: Trykkeverkstaden «Sild & potet». Potettrykk på tekstil.
Maskinsaum og broderi. Born og unge kan få sy kjøkenhandklede eller liknande av dei trykte tekstila.
Ute på tunet lagar me haustkrans og anna i naturmateriale.
13.00: Guida omvising på tunet (inkludert i ordinær billett for vaksne)
Museumskafeen vil vera open. Sal av varme bollar og nysteikte vaflar.
Velkommen til store og små!