HAUST PÅ MUSEET: Trykkeverkstaden «Sild & potet»

På Sunnhordlandstunet kan ein sjå mange ulike og spanande trykksaker henta fra vår kulturhistorie på 1900-talet. I denne samanheng vil me i haustferien invitere barn og unge til å skape sine eigne trykksaker i verkstaden «Sild & potet». Her får ein prøve stempeltrykk på papir og utforme sine eigne hermetikketikettar, samt lage sine eigne potettrykk som ein kan trykke med på tekstil. Stord husflidslag stiller med symaskinar og kyndig rettleiing til vidare saumarbeid på dei trykte tekstilane.

Me legg ut billettar til dei ulike dagane og tidspunkta ein kan vere med i verkstaden.

Tysdag 10. oktober kl. 10:30, 12:00, 13:30

Onsdag 11. oktober kl. 10:30, 12:00, 13:30

Torsdag 12. oktober kl. 10:30, 12:00, 13:30

Maks 15 personar i kvar verkstadsøkt.

 

Pris: 100,- for barn over 5 år. (Vaksne går gratis i lag med barn og unge.)

Billett kan kjøpast på Sunnhordlandstunet eller på ebillett.no.

Det vil bli ope i museumskaféen med sal av lappar, kaffi/ te og saft.

Fredag 13. oktober held me ordinær opningstid frå kl. 11:00 – 15:00 med ope i museumskaféen og i utstillingane.

Escaperommet i haustferien: Ope tysdag – fredag kl. 15:30.


Meir informasjon

Kjøp billett

The event is finished.

Date

10. - 12. oktober 2023

Time

10:30 - 13:30

Kostnad

100 NOK
Skip to content