Skip to content

House of Wonders. Halsnøy kloster tur-retur 2010-2025

House of Wonders

Halsnøy kloster tur-retur
2010-2025

Sidan 2010 har Sunnhordland museum hatt eit program med kunstnaropphald for Internasjonale kunstfotografar, ved Halsnøy kloster.

I løpet av desse åra har 70 kunstnarar frå 28 land vore på opphald i tre veker, der dei arbeidde med eigne prosjekt som vart utstilte ved klosteret året etter.

I år vert programmet avslutta, og i samband med det ynskjer vi å feire 15 år med internasjonal kulturutveksling. Kunstnarar frå alle kantar av verda har fått innblikk i samfunnet på Halsnøy, og fleire har fått gode relasjonar til folk på øya. Andre har sett til Sunnhordland generelt, eller har prøvd å fange det dei oppfattar som Det Norske. Resultata har vore synt på utstillingar over store delar av verda. Verk som syner Halsnøy, Halsnøybuen og Sunnhordland har vore stilt ut i London, New York, Tokyo, Seoul, Berlin og Paris, for å nemne nokre.

Diana Takacsova (Slovakia)

Dette har sjølvsagt og gått andre vegen, og Halsnøybuen har fått oppleve å sjå seg sjølv og sitt miljø presentert med blikket til fotografar frå mange kulturar.

Etter utstillingane har dei fleste kunstnarane donert eitt eller fleire verk til museet si samling.

Denne samlinga er ein unik dokumentasjon på den utvekslinga som har funne stad, og som har hatt sitt utspring på ein av museet sine viktigaste avdelingar, Halsnøy kloster.

Lucia Herrero (Spania)

Som del av 15-års markeringa vil Sunnhordland museum og kunstnarisk leiar av programmet, Øyvind Hjelmen, lage to utstillingar med utvalde verk frå samlinga. Desse vert synt samstundes på Sunnhordlandstunet og Halsnøy kloster.

Velkommen til to opningar av ei utstilling lagt til to avdelingar:

Halsnøy kloster sundag 14. september kl. 17:00

Sunnhordlandstunet onsdag 17. september kl. 18:00


Dato

14. september 2025 - 19. desember 2025

Tid

17:00

Lokasjon

Halsnøy kloster

Lokasjon 2

Sunnhordlandstunet
Museumsbakken 16, 5417 Stord