«In Horto» – i vår hage

Sommarutstillinga på Halsnøy kloster 2023 «In Horto» –  i vår hageinneheld ei blanding av gamle botansike skuleplansjer som er i samlinga til Sunnhordland museum og nye botaniske illustrasjoner av den profesjonelle illustratøren Hege Gjerde Sviggum.

Illustrasjonar av naturen går langt attende i tid som handverk og skriftkultur og er like aktuelt den dag i dag.

Botanisk illustrasjon handlar om estetikk og vitskap. Det er ein disiplin med lange tradisjonar der kunstnaren illustrerer planter eksakt i ei visuelt vakker framstilling. Ein botanisk illustrasjon er ein del av den vitskaplege planteskildringa og vert publisert saman med skildrande tekst. Denne forma for illustrasjon er framleis aktuelt då foto ikkje kan gjengi planter så detaljert som det ein kan gjennom teikning og måling.

Utstillinga varer frå 11.6 – 13.8.23 og kan sjåast i våre opningstider.


The event is finished.

Date

11. juni 2023 - 13. august 2023

Time

11:00 - 16:00

Lokasjon

Halsnøy kloster
Skip to content