Laurdag 30. november blir det «Jul på museet» frå kl. 11:00 – 15:30.
Sunnhordland museum ønskjer å skape god gammaldags julestemning på Sunnhordlandstunet med ulike aktivitetar som passar for heile familien.

Kjøp billett her!

Tradisjonen tru har museet julepynta stover, kafé med bakst, steiking av museumslappar i Eldhuset, servering av varm gløgg og ulike aktivitetar i husa på tunet.

Sentralt i tilskipinga står juleverkstaden, der barn og vaksne kan lage julepynt eller julegåver saman med rettleiing frå Stord Husflidslag. Det vert spikkeverkstad i Stolmaståvo.

BILLETTPRISAR;
Vaksne: 100,-
Barn over 3 år: 50,-
Barn under 3 år: gratis
Juleforteljing, aktivitetar i juleverkstaden og gløgg på tunet inngår i billettprisen.

Billettar kan kjøpast på Sunnhordlandstunet og på ebillett.no.

PROGRAM:
Juleverkstadar med Stord husflidlag
Spikkeverkstad i Stolmastovo
Smia er open for demonstrasjon
Lefsebaking med smaksprøve i Futastovo
Open museumskafé som serverer lappar, julebrød, kaffi og gløgg
Med meir!

Kjøp billett her!


  • 00

    days

  • 00

    hours

  • 00

    minutes

  • 00

    seconds

Date

30. november 2024

Time

11:00 - 15:30

Lokasjon

Sunnhordlandstunet
Museumsbakken 16, 5417 Stord
Skip to content