Lørdag 3. desember blir det «Jul på museet» i frå kl. 11:00 – 15:30.
Me ønskjer å skape god gammaldags julestemning på Sunnhordlandstunet med ulike aktivitetar som passar for heile familien.
Tradisjonen tru har museet julepynta stover, kafè med bakst og ulike aktivitetar i husa på tunet.
Sentralt i tilskipinga står mellom anna julemarknad og juleverkstad, der barn og vaksne kan laga julepynt eller julegåver saman med rettleiing frå Stord Husflidslag.
I Hatlandsløo blir det barneforestilling: «Sjå, Marikken, det snør!» basert på boka av Astrid Lindgren. Regi og scenografi av Johanne Øvstebø Tvedten.
Billettprisar;
Vaksne: 100,-
Barn over 5 år: 50,-
Barn under 5 år: gratis
Barneforestilling (inngår i billettprisen, men her må ein reservere plass til eit av speletidspunkta i resepsjonen når ein kjem til tunet denne lørdagen.)
Kransalaging 50,- (her må ein reservere plass i resepsjonen, samt kjøpe materialpakke, når ein kjem til tunet.)
Billettar kan kjøpast på tunet og på ebill.no.
PROGRAM:
Aktivitetar på tunet i samarbeid med Stord Husflidslag: 11.00 – 15.30
Barneforestillinga «Sjå, Marikken, det snør!» i Hatlandsløa: 11.30, 12.30 og 14.00
Kransebinding på tunet: 11.00, 11.30, 12.00, 12.30, 13.00, 13.30, 14.00, 14.30 og 15.00

Meir informasjon

Kjøp billett

The event is finished.

Date

03. desember 2022

Time

11:00 - 15:30
Skip to content